-
Julegåveaksjonen i Alver 2026 - slik kan du gje og få
Vil du gi ei gåve til eit barn i Alver? Fristen for innlevering er mandag 14. desember. Om du vil ha hjelp frå årets Julegåveaksjonen er fristen for påmelding 1. desember.
Heile 42 avtalar inngått på haustens frivilligbørs!
Måndag 09.november var det liv og røre i Hjarterommet på Knarvik barneskule. Ein mangfaldig gjeng frå heile Alver fant vegen dit då Alver frivilligsentralar inviterte til Frivilligbørs for andre gong – med deilige kaker frå Krydderdamene, kaffi og ein god dose samarbeid i lufta. I lokalet møttast frivillige, lag og organsiasjonar, tilsette frå kommunen og representantar frå næringslivet. Målet var enkelt: å møtast, bli kjent - og kanskje få til noko saman.For nokon var dette første møtet med konseptet. Dei kom litt nysgjerrige, litt spente og utan å heilt vite kva dei hadde i vente. Andre hadde vore med før og visste at ein Frivilligbørs kan føre til både gode ideer, nye samarbeid og ganske mange avtalar.
Etter gjennomgang av spelereglar for børsen, var det tid for ein av dei mest engasjerande delane av børsen: plakatverkstad. Her skulle deltakarane skrive ned kva ein ynskja seg og kva dei sjølv kunne tilby. Fargerike plakatar tok form på heimesnekra plakatholdarar rundt i lokalet. Det er frivilligkarane på Frekhaug som har snekra desse.
Deretter starta minglinga. Deltakarane gjekk rundt, leste kvarandres plakatar, delte informasjon om eigne aktivitetar og utforska moglegheiter for samarbeid. Det som er ekstra artig med konseptet, er at det kanskje kjem heim med avtalar du ikkje visste du hadde behov for på forhånd.
For kvar avtale som blei laga, kom deltakarane og registrerte avtalane hjå børsmeglar. Deretter fekk dei slå på gongen som gav eit tydeleg signal til heile salen om at endå eit samarbeid var på plass. I løpet av ein god time mingling blei det inngått heile 42 avtalar. Her blei det gjort avtalar om felles arrangement, kunnskapsdeling, besøk og foredrag hjå kvarandre og mykje meir. Med andre ord: det er ingen av deltakarane som blir arbeidsledige med det første.
For ei flott samling av ivrige folk som vil samarbeide og få til gode ting her i Alver! Tusen takk til alle som kom! Alver frivilligsentralar ynskjer dykk masse lykke til med avtalane dykk har gjort.
Frivilligbørsen er komen for å bli, så følg med - den dukkar plutseleg opp att!