-
Heile 42 avtalar inngått på haustens frivilligbørs!
Måndag 09.november var det liv og røre i Hjarterommet på Knarvik barneskule. Ein mangfaldig gjeng frå heile Alver fant vegen dit då Alver frivilligsentralar inviterte til Frivilligbørs for andre gong – med deilige kaker frå Krydderdamene, kaffi og ein god dose samarbeid i lufta. I lokalet møttast frivillige, lag og organsiasjonar, tilsette frå kommunen og representantar frå næringslivet. Målet var enkelt: å møtast, bli kjent - og kanskje få til noko saman.
Julegåveaksjonen i Alver 2026 - slik kan du gje og få
Vil du gi ei gåve til eit barn i Alver? Fristen for innlevering er mandag 14. desember. Om du vil ha hjelp frå årets Julegåveaksjonen er fristen for påmelding 1. desember.Nordhordland Røde Kors og Alver frivilligsentralar er godt i gang med årets julegåveaksjon og du kan be om hjelp til jul.
Julegaveaksjonen i Alver 2026 deler ut matkasser og julegaver og rettar seg spesielt mot barnefamiliar, men også andre vanskeligstilte. Matkasse kan alle søke om, men ved stor pågang vil barnefamiliar bli prioritert framfor andre. Julegaver vert kun delt ut til barn t.o.m 18 år. For å motta julegaver og matkasse må du bu i Alver kommune
Frist for å søke er onsdag 1.desember. Søknadar mottatt etter denne datoen vil ikkje verte behandla. Pga stor pågang ber vi om at alle som kan hente matkassene/julegavene sjølv gjer det, og at ein kun ber om levering dersom ein ikkje har mulighet til å hente sjølv. Vi vil presisere at kassene er tunge, og at det ikkje er anbefalt å satse på å bære det med seg til buss. Då er det betre å be om hjelp til transport slik at vi kan planlegge for det. Vi leverer ut matkasser/gåver laurdag 19.desember. .
Link til påmelding: - Julegåveaksjonen
Vil du vere med å bidra til at barn i familiar som har økonomiske utfordringar får ei fin jul? Då kan du legge ei gåve under juletrea på:
Frekhaug: I gangen utanfor Max Fitness
Knarvik: Utanfor Norli i Amfi Knarvik
Lindås nærsenter
Osteriedet kro
Manger: YX Manger og Biblioteket
Bøvågen: Bø barnehage
Vi tek i mot nye og ubrukte gåver og heimestrikk. Uansett kva du bidreg med så kjem det godt med, men tenk på at det er fint om det er ei gåve som mange kan like å få. Skal du gje klede er det fint om du kjøper ein fasong som kan passe mange.
Du treng ikkje pakke inn gåvene, vi pakkar uansett opp alt og sjekkar gåva før vi deler ut. Vi ønsker oss i utgangspunktet ikkje gåvekort frå butikkar. Får vi dette vil vi bruke dei til å kjøpe inn gåver.
Gåva di er med på å gje fleire born i Alver ei god jul.
Har du spørsmål?
Kontakt Alver frivilligsentralar om Julegåveaksjonen
Tlf. 56 37 51 54