Søknadar mottatt etter denne datoen vil ikkje verte behandla. Pga stor pågang ber vi om at alle som kan hente matkassene/julegavene sjølv gjer det, og at ein kun ber om levering dersom ein ikkje har mulighet til å hente sjølv. Vi vil presisere at kassene er tunge, og at det ikkje er anbefalt å satse på å bære det med seg til buss. Då er det betre å be om hjelp til transport slik at vi kan planlegge for det.
Vi leverer ut matkasser/gåver laurdag 13.desember. Vi kan ikkje love eit klokkeslett for når vi kjem denne dagen.
Dersom du har spørsmål kan du sende ein e-post til julegaveaksjonen@alver.kommune.no eller kontakte Nordhordland Røde Kors. Du vil få svar 1. desember på om du får motta matkasse/julegåver eller ikkje.
Arrangør: Nordhordland Røde kors i samarbeid med Alver Frivilligsentralar